Sjokk, vantru og finsk kollaps då Johaug vann igjen

Therese Johaug vart sjokkert då Ingvild Flugstad Østberg yppa seg. Østberg sjølv trudde ho hadde gått feil og ein finsk kollega måtte ha hjelp ut av stadion.
sport

Det vart drama mot slutten då Therese Johaug tok den 70. verdscupsigeren sin og den fjerde strake sigeren sin i årets Ski Tour på Meråker torsdag.

Ingvild Flugstad Østberg tok andreplassen, og berre 4,0 sekund skilde mellom dei to. Det såg lenge ut til å bli ein parademarsj for Johaug, som på det meste hadde ei leiing på nesten 40 sekund undervegs på dei 34 kilometrane.

Finske Krista Pärmäkoski var ikkje i stand til å gå for eiga maskin og måtte støttast ut av stadion. Heidi Weng sa at ho var så sliten som ho aldri hadde vore før. Ho meinte det var over grensa med eit langløp berre to dagar etter den knallharde sprinten i Åre.

– Dette vart eit bra alternativ. Eg trur det var bra at vi ikkje gjekk det oppsette langløpet over fjellet. Det hadde nok vore surt. Dette vart ei kjempefin løysing slik vêret vart, sa Therese Johaug.

Einsam i tet

Therese Johaug var best i den nemnde sprinten i Åre òg. I det heile er det lite som bit på 31-åringen frå Dalsbygda.

Men Ingvild Flugstad Østberg var svært nær i Meråker. Mykje nærare enn Johaug likte.

– Eg prøvde berre å gå mitt eige løp, og så kom Ingvild veldig fort mot slutten. Eg høyrde at eg hadde 40 sekund då det stod att åtte kilometer til mål, og det neste eg høyrde på stadion var at det var 12 sekund. Ho hadde ei knallavslutning. Eg måtte i kjellaren for at dette skulle gå. Eg måtte ikkje stresse, sa Johaug.

– Gjekk akkurat ikkje

Ingvild Flugstad Østberg har ikkje all verdsens med rutine frå liknande løp tidlegare. Ho har aldri vore den ivrigaste på å gå turrenn etter sesongslutt.

– Eg har eigentleg aldri gått lenger enn dette før, og eg er særs nøgd med korleis eg disponerte løpet. Eg er stolt av meg sjølv, sa Gjøvik-jenta.

Østberg trudde lenge ho var heilt sjanselaus mot Johaug då ho fekk beskjed frå trenar Geir Endre Rogn om at lagvenninna var så mykje som 40 sekund føre.

– Eg fekk litt «boost» då eg høyrde at eg nærma meg og følte at eg gjekk bra mot slutten. Då eg nærma meg den gule trøya, tenkte eg herregud, eg tenkte at eg kanskje hadde tatt ein snarveg der ute, sa Østberg til NTB.

Østberg tok over 2.-plassen samanlagt i skitouren. Ho har 2.06 minutt opp til Therese Johaug. Heidi Weng på 3.-plass er 2.39 minutt bak.

Ski Tour 2020 blir avslutta i Granåsen med klassisk sprint laurdag og 15 kilometer jaktstart i klassisk stil søndag.


(©NPK)