Ski Tour-leiinga tar sjølvkritikk: – Har ikkje gjort jobben vår

Ski Tour-sjef Guri Hetland meiner delar av kritikken mot arrangementet er rett og beklagar bustadval og smørjeforhold.
sport

– Vi kan berre beklage, der har vi ikkje gjort jobben vår, seier Hetland til nyheitsbyrået TT med tilvising til forholda for smørjarane, som vart viste til ein uventilert garasje i Åre.

– Den garasjen har vore brukt i alle år under verdscupen i alpint. Det løyste seg til slutt, men det burde ha vore i orden då laga kom dit, seier Hetland.

Minst like mykje kritikk har vorte retta mot innkvarteringsforholda frå mellom anna Finland og Austerrike.

Vond lukt

Finnane vart viste til ein militær treningsleir, der romma skal ha lukta vondt og der 30 personar måtte dele to toalett. Austerrikske Teresa Stadlober klaga over at ho og laget måtte bu langt frå løypene i Åre.

– Kritikken frå Finland var heilt klart på sin plass. Eg er veldig glad for at vi i på ein time fekk ordna ny bustad til dei, seier Hetland til TT.

Ho avviser likevel kritikken frå Austerrike.

– Det er vinterferie og den mest hektiske perioden i Åre. Vi måtte derfor nytte bustader utanfor Åre, det var ikkje mogleg å løyse det på nokon annan måte, seier ho.

Dårleg vêr

I tillegg til kritikken av fasilitetane har Ski Tour vorte ramma av dårleg vêr. Etappen på torsdag, som skulle gått over fjellet frå Storlien i Sverige til Meråker (38 kilometer), er flytta, med både start og målgang på Meråker.

Det har òg vore retta merksemd mot miljøprofilen til Ski Tour. Løparane må ta tog mellom konkurransestadene, men like mange bilar og bussar som tidlegare reiser same veg – mange av dei nesten tomme.

(©NPK)