Skiskyting: VM-stafettlaga uendra frå normaldistansen

Alle dei åtte som gjekk normaldistanse for Noreg i skiskyttar-VM denne veka fekk plass på laga som skal gå stafett laurdag.
sport

Det betyr at Synnøve Solemdal trass ein skuffande 60.-plass på 15-kilometeren fekk fornya tillit og held Karoline Knotten ute av laget. Knotten har ikkje gått VM-renn sidan 75.-plassen på sprinten sist helg.

Stafettlaget til kvinnene består av Tiril Eckhoff, Ingrid Landmark Tandrevold, Marte Olsbu Røiseland og Solemdal.

Vetle Sjåstad Christensen får gå stafetten for mennene sjølv om han bomma seks gonger på 20-kilometeren og enda heilt nede på 62.-plass.

Johannes Thingnes Bø, Tarjei Bø og Johannes Dale går dei tre andre etappane.

(©NPK)