Stadfesta: Barcelona hentar danske

Barcelona stadfestar at klubben har henta den danske fotballprofilen Martin Braithwaite som erstattar for skadde Ousmane Dembélé.
sport

Barcelona stadfestar overgangen på nettsidene sine.

Angrepsspelaren blir henta frå La Liga-rival Leganés.

28-åringen har signert ein kontrakt som strekkjer seg fram til 30. juni 2024.

Det spanske overgangsvindauget er i utgangspunktet stengt, men ein særspansk regel opnar for at Barcelona kan hente inn ein erstattar for langtidsskadde Dembele.

Ifølgje den katalanske avisa Sport utløyser Barcelona utkjøpsklausulen til dansken på 18 millionar euro, tilsvarande rundt 180 millionar norske kroner.

Braithwaite har spelt for Leganés sidan i januar i fjor. 13 mål og åtte målgivande pasningar på 48 kampar er fasiten. Tidlegare denne sesongen skåra han mot både Barcelona og Real Madrid.

(©NPK)