Vickhoff Lie køyrde ut i Sveits

Kajsa Vickhoff Lie køyrde ut på utfortreninga på torsdag i Sveits. Av dei som kom i mål, var ingen raskare enn Nina Ortlieb frå Austerrike.
sport

Austerrikaren var nesten sekundet raskare enn konkurrentane. Italienske Federica Brignone vart nummer to, 0,96 sekund bak, medan Joana Haehlen frå Sveits var 1,03 bak.

Det einaste norske innslaget i Sveits, Kajsa Vickhoff Lie, køyrde ut.

Alpindamene skal køyre utfor fredag og laurdag, medan det er kombinasjon søndag.

(©NPK)