19-åring går frå Southampton til Stabæk

Fotballtalentet Kornelius Normann Hansen forlèt Southampton og går til Stabæk.
sport

Stabæk stadfestar på nettsidene sine at 19-åringen har signert for klubben.

Normann Hansen vart del av Southampton-akademiet som 16-åring. Der har han vore dei siste tre åra. No går turen heimover.

19-åringen, som kan dekkje fleire posisjonar offensivt i banen, har signert ein avtale ut 2022-sesongen.

Kontrakten hans med Southampton gjekk ut no.

(©NPK)