Viking-målvakt tek pause frå fotballen

Viking-målvakt Erik-Johannes Arnebrott fortalde lagkameratane sine onsdag at han tek pause frå fotballen med umiddelbar verknad, skriv Stavanger Aftenblad.
sport

Pausen betyr at Arnebrotts kontrakt, som varer ut 2020, også blir sett på vent.

– Eg har kjent på det ei stund, i nokre månader. Det krev mykje å vere fotballspelar, det nyttar ikkje med 90 prosent. Derfor trekkjer eg meg no tilbake for å tenkje litt, seier Arnebrott til Aftenbladet.

Han var i praksis tredjekeeper i Viking i fjor, og han var òg lånt ut til Tromsdalen i ein periode. Årebrot spelte éin cupkamp for Viking i 2019, medan han fekk sju kampar for Tromsdalen.

Målvakta understrekar at avgjerda ikkje betyr at fotballkarrieren er over.

– Det har sikkert hatt noko å seie at det ikkje har gått den vegen eg ønskte. No har eg vorte 21 år, og eg må sjå kva eg eigentleg vil. Men eg er ikkje ferdig, eg tek berre ein pause.

(©NPK)