Storbritannia tillèt idrett frå 1. juni

Britiske styresmakter har gitt tommel opp for nasjonal idrett bak lukka dører frå måndag 1. juni.
sport

Det vil no vere opp til kvar enkelt idrettsgrein når dei ønskjer å starte igjen. Det føreset at dei følgjer smittervernreglene.

– Ventetida er over. Direktesendt, britisk idrett vil snart vere tilbake i trygge og kontrollerte omgivnader, seier kulturminister Oliver Dowden ifølgje BBC.

Torsdag vart det stadfesta at Premier Leauge etter planen startar opp igjen 17. juni. Klubbane har trena med fullkontakt sidan 25. mai.

(©NPK)