Alle gjenståande PL-kamper blir tilgjengelege på norske TV-plattformer

Det er gode sjansar for å få med seg det ein ønskjer av innspurten i Premier League.
sport

Premier League gjer comeback 17. juni med dei utsette kampane Manchester City – Arsenal og Aston Villa – Sheffield United. Førstnemnde kamp skal sendast «åpent» på TV 2s hovudkanal, og deretter går det slag i slag fram mot den planlagde sesongavslutninga 26. juli.

Normalt får TV 2 og andre Premier League-distributørar ikkje vise fleire enn éin kamp på eit gitt tidspunkt, og dei må òg følgje programmet på engelsk TV dei aller fleste dagane. Slik blir det ikkje i den koronautsatte sesonginnspurten, sidan det no er opna heilt opp òg i England.

– Vi er svært nøgde med at vi har fått lov til å vise alle dei 92 kampane som står att av sesongen, til sjåarane våre. Kvart spark blir vist, seier sportsredaktør Vegard Jansen Hagen i TV 2.

Det blir eit svært tett kampprogram for å få Premier League-sesongen i mål til 26. juli. Den førebelse planen tilseier at det blir spelt minst éin kamp kvar dag i drygt fem veker.

(©NPK)