Friidrettspresident knallhardt ut mot Russland: – Dei sviktar eigne utøvarar

Russisk friidrett har ikkje betalt ei dopingbot på 960 millionar kroner pålagt av Det internasjonale friidrettsforbundet. Fristen gjekk ut onsdag.
sport

Det internasjonale friidrettsforbundet (WA) stadfestar dette i ei pressemelding torsdag ettermiddag.

Det russiske friidrettsforbundet var pålagt ei kraftig bot på ti millionar dollar som følgje av fleire dopingsaker. Derfor har dei òg vore utestengde frå internasjonale konkurransar sidan 2015.

Halvparten av bota skulle vore betalt innan 1. juli. Det har ikkje russarane gjort, og det får den internasjonale friidrettspresidenten Sebastian Coe til å sjå raudt.

– RusAF (Det russiske friidrettsforbundet) sviktar sine eigne utøvarar grovt, seier Coe i ei pressemelding.

Sjølv om Russland har vore utestengd frå friidrettsvarmen, har utøvarar som beviseleg er reine hatt moglegheita til å konkurrere under nøytralt flagg. Den moglegheita kan no ryke.

– Vi er veldig skuffa over den manglande framgangen RusAF viser, seier Coe.

Om Russland hadde betalt halve bota innan fristen, ville den andre halvdelen vorte utsett.

Eit utvalsråd i WA vil avgjere korleis dei går vidare med saka. Det møtet blir halde 29–30. juli.

(©NPK)