Solskjær hylla Greenwood: – Han er langt føre meg

Ole Gunnar Solskjær rosar Mason Greenwood (20) før oppgjeret på laurdag mot Joshua King og Bournemouth. – Han har utvikla seg fantastisk, seier United-manageren.
sport

Manchester United-manageren har gitt fleire unggutar sjansen gjennom årets Premier League-sesong. Spelaren som klart stikk seg ut, er spissen Greenwood. 20-åringen har skåra tolv mål for dei raude djevlane denne sesongen.

– Vi har gitt han meir og meir speletid denne sesongen, og det er ikkje lett når du er så ung. Han kunne framleis spelt på ungdomslaget. Men han leverer når han kjem inn som innbytar og når han startar, og han har utvikla seg fantastisk denne sesongen, sa Solskjær på pressekonferansen på fredag.

Ungguten blir samanlikna med sjefen sjølv, men Solskjær er ikkje samd.

– Greenwood er langt føre det eg var då eg var 18–19 år gammal, det er heilt sikkert. Han har ei skåringsteft, det er naturleg for han. Han er ein glimrande gut å jobbe med, og han blir stadig betre til å ta avgjerder, sa nordmannen.

Manchester United har gått 15 kampar utan tap i alle turneringar før møtet mot Bournemouth laurdag, men avfeiar ikkje motstandaren av den grunnen.

– Bournemouth kjempar og er eitt av dei beste laga i ligaen på dødballar. Vi veit at vi må klare å stoppe mykje hos dei. Viss vi speler på vårt beste, bør vi klare å skape sjansar og vinne kampen, seier Solskjær.

Dei raudkledde ligg på femteplass i ligaen, berre to poeng bak Chelsea.


(©NPK)