Orbán ut mot EU etter utestenging

Ungarns statsminister Viktor Orbán kritiserer EU etter at partiet hans, Fidesz, vart suspendert frå den konservative alliansen i EU-parlamentet.
utenriks

– Politikarane i Brussel lever i ei boble. Dei byggjer ein byråkratisk Brussel-elite som har mista kontakt med verkelegheita, sa Orban i eit intervju med ein statsstøtta radiostasjon i Ungarn i søndag.

Statsministeren bad lyttarane stemme for Fidesz i EU-valet i mai, «for å vise folka i Brussel at det som skjer i Ungarn, er det ungarske folkets vilje». Han la til at EU-politikken i Brussel ikkje bør bli diktert av «parti som er på veg til venstre».

Den konservative partifamilien EPP gjekk onsdag inn for å suspendere Orbans parti for det alliansen omtaler som «illiberal politikk». Vedtaket vart fatta med 190 mot 3 stemmer. Ein komité skal halde auge med Fidesz og sjå om partiet tar grep som gjer at det kan komme tilbake i folden.

Spenninga har vore ekstra høg dei siste vekene, etter at Ungarn sette i gang ein plakatkampanje mot presidenten i EU-kommisjonen, jean Claude Juncker – som sjølv tilhøyrer EPP – og den ungarskfødde amerikanske mangemilliardæren George Soros. Begge vart framstilt som tilhengarar av ulovleg innvandring, og kampanjen gjentok påstandar frå ytre høgre om at Soros trekker i trådane i maktsirklane til politikken.

(©NPK)