Trump vil la Barr avgjere offentleggjering av rapport

President Donald Trump vil la justisminister William Barr avgjere om heile Mueller-rapporten skal offentleggjerast, seier talskvinne Sarah Sanders.
utenriks

– Han er meir enn glad for at denne greia kjem ut, seier Sanders til NBC.

På spørsmål om Trump støttar offentleggjering av granskingsrapporten svarer Sanders bekreftande.

– Eg trur ikkje at presidenten vil ha nokon problem med det, seier ho, men legg til at avgjerda om eventuell offentleggjering må takast av justisministeren.

William Barr offentleggjorde søndag eit samandrag på fire sider av rapporten han fekk frå Mueller fredag.

Demokratanes leiarar i Kongressen, Nancy Pelosi og Chuck Schumer, ser ikkje på Barr som uavhengig og meiner samandraget reiser like mange spørsmål som det gir svar. Dei krev derfor full offentleggjering av Mueller-rapporten.

(©NPK)