Kina åtvarar USA mot å trappe opp i Midtausten

Kina åtvarar USA mot å opne pandoraeska i Midtausten, etter at det vart kjent at ytterlegare 1.000 amerikanske soldatar blir flytta til området.
utenriks

Pandoraeske er eit uttrykk henta frå den greske mytologien, der eska rommar all verdsens ulykke.

Det var den kinesiske utanriksministeren, Wang Yi, som uttalte seg om det aukande spenningsnivået mellom USA og Iran. Han retta òg ei oppmoding til Teheran om ikkje å legge vekk atomavtalen så lett.

Dei iranske styresmaktene varsla måndag at uranlageret i landet kjem til å overstige grensa som er sett i atomavtalen innan ti dagar. Regjeringa i Teheran gav allereie i starten av mai beskjed om at dei ikkje lenger vil respektere dei delane av avtalen som handlar om lagring av opprikt uran og tungtvatn. Det skjer etter at USA i fjor trekte seg frå avtalen og på nytt innførte sanksjonar mot Iran.

USA kunngjorde troppeflyttinga måndag og la samtidig fram bilde som vart presenterte som ytterlegare bevis på at Teheran har stått bak angrepa på tankskip i Omanbukta førre veke.

– Vi ber alle partar om framleis å opptre rasjonelt og roleg og ikkje gjere noko som aukar spenninga i regionen og opnar pandoraeska, sa Wang. Han heldt ein felles pressekonferanse i Beijing saman med utanriksministeren i Syria, Walid Muallem.

– Særleg burde USA endre praksisen sin med ekstremt press, sa Wang.

(©NPK)