Ny elimineringsrunde i maktkampen hos toryane

Toryane skal tysdag eliminere minst éin av dei seks siste kandidatane i kampen om å ta over etter Theresa May som partileiar og britisk statsminister.
utenriks

Utviklingsminister Rory Stewart har dei siste dagane segla opp som ein outsider som kan vere ein kandidat å rekne med. I den første avstemminga fekk han nest færrast stemmer av dei som gjekk vidare, og han er avhengig av fornya støtte for å overleve runden tysdag.

I den første runden var minstekravet for å gå vidare at ein fekk 17 stemmer, det vil seie minst fem prosents oppslutning blant dei 313 konservative parlamentsmedlemmene. Tysdag er lista heva, og det blir minst kravd 33 stemmer for å gå vidare. Dersom alle dei seks kandidatane klarer kravet, ryk den som har færrast stemmer, ut.

Stewart fekk berre 19 stemmer i den første runden, noko som altså er for lite til å gå vidare tysdag. Tre kandidatar, som til saman fekk 30 stemmer, rauk ut sist torsdag. I tillegg trekte helseminister Matt Hancock seg. Han har sidan sagt at Stewart vil vere den beste kandidaten til å samle partiet, skriv BBC. Stewart seier dei fleste av dei 20 som stemte på Hancock sist, no stiller seg bak han.

I tillegg til å samle minst 33 stemmer, må utviklingsministeren altså ha minst éin kandidat under seg på lista dersom han skal vere sikker på å bli med vidare. Den næraste rivalen er innanriksminister Sajid Javid, som fekk 23 stemmer sist.

Det er planlagt nye avstemmingar onsdag og torsdag før ei uravstemming i partiet skal velje mellom dei to siste kandidatane. Den nye leiaren skal kunngjerast den nest siste veka i juli.

Soleklar leiing

Tidlegare London-ordførar og utanriksminister Boris Johnson ligg framleis best an i maktkampen. Han fekk suverent flest stemmer i førsterunden: 114. Han ser ikkje ut til å ha vorte svekt av at han droppa ein TV-debatt mot resten av kandidatane i helga.

Johnson har sidan før brexit-avstemminga for tre år sidan markert seg som ein forkjempar for å forlate EU, koste kva det koste vil. Han vil ut av unionen 31. oktober, sjølv om det skulle innebere ein såkalla «hard brexit» utan nokon avtale med EU.

Ein annan kandidat som har fått mykje merksemd for den harde linja si, er tidlegare brexitminister Dominic Raab. Han er òg villig til å forlate EU utan ein avtale så lenge den siste tidsfristen blir halden. Raab har ikkje eingong vilja sjå bort frå å stenge Parlamentet for å hindre at dei folkevalde stoppar ein eventuell hard brexit utan avtale.

Vil blokkere hard brexit

Utviklingsminister Stewart har på si side sagt at han vil halde fram å kjempe mot ein hard brexit sjølv om han skulle bli stemt ut av leiarkampen. Ifølgje avisa The Independent seier han at han har «nesten 100» konservative parlamentsmedlemmer som er villige til å blokkere ein utmelding utan avtale.

Samtidig seier Stewart at det ikkje er aktuelt for han å stille seg bak eit eventuelt mistillitsforslag frå Labour og på den måten vere med på å felle den konservative regjeringa. Han ser òg bort frå å støtte ei ny folkeavstemming der folket skal få det siste ordet i den betente politiske konflikten, som har herja både landet og partiet i lang tid.

– Det vil vere katastrofalt og splittande, seier Stewart. Sjølv stemte han for å bli i EU for tre år sidan, men vil ikkje seie kva han vil stemme dersom det blir ei ny folkeavstemming.

– Eg vil prøve å ta ei svært vanskeleg avgjerd medan eg er svært sint.


(©NPK)