Russland åtvarar USA mot å trappe opp i Midtausten

Russland ber om varsemd for å hindre eskalering av konflikten i Midtausten etter at USA kunngjorde at dei vil flytte 1.000 nye soldatar til området.
utenriks

– Vi ber alle partar om å trå varsamt, seier president Vladimir Putins talsmann Dmitrij Peskov og ber om at ein unngår handlingar som kan auke spenninga i den allereie ustabile regionen.

Måndag kunngjorde USA at dei vil flytte 1.000 nye soldatar til Midtausten. Ifølgje amerikanarane er styrkeauken nødvendig for å vere møte den aukande trusselen frå Iran. Den auka beredskapen består av væpna styrkar og overvakings- og etterretningspersonell.

Same dagen som USA kunngjorde troppeflyttinga, hadde dei iranske styresmaktene varsla at uranlageret i landet kjem til å overstige grensa som er sett i atomavtalen, innan ti dagar.

Tysdag åtvara Kina USA og har bedt landet om å ikkje gjere noko som aukar spenninga i regionen, og som kan «opne pandoraeska».

Pandoraeske er eit uttrykk henta frå gresk mytologi, der eska inneheld all verdsens ulykke.

(©NPK)