Livstid pluss 419 år for Charlottesville-angrepet

Høgreekstremisten som stod bak bilangrepet i Charlottesville i 2017 er dømd til livstid i fengsel pluss 419 år. Ei 32 år gammal kvinne vart drepen i angrepet.
utenriks

22 år gamle James Alex Fields Jr. har allereie vorte dømt til livstid for hatkriminalitet i ein føderal domstol i juni. Måndag fall delstatsdommen i Virginia, der han vart dømd til 419 års fengsel for drap og kroppsskade.

Fields har tilstått at han med vilje køyrde bilen sin i stor fart inn blant ei gruppe antirasistar som gjekk gjennom ei smal sentrumsgate på veg heim etter å ha demonstrert mot høgreekstremistar i byen Charlottesville i Virginia 12. august 2017.

Den sjølverklærte nynazisten, som skal ha hatt eit bilde av Adolf Hitler ståande på nattbordet, var 20 år då han gjennomførte angrepet. 32 år gamle Heather Heyer vart drepen og fleire tital menneske vart såra.

Fields viste ingen teikn til angar i retten då offera hans fortalde om korleis dei etter angrepet har slite med alvorlege fysiske og psykiske skadar, som beinbrot, posttraumatisk stressliding (PTSD), angst og depresjon.

Dommaren anerkjente at Fields har slite psykisk i store delar av livet sitt, men vektla at han heile tida har fått behandling, og at dei psykiske plagene hans ikkje unnskyldar handlingane han har gjort.

I tillegg trekte han fram at det ikkje finst bevis for at Fields vart trua eller angripen då han køyrde bilen sin inn i folkemengda. Forsvararane hans sa under rettssaka at Fields var redd etter å ha sett valdelege samanstøytar mellom kvite nasjonalistar og antirasistar.

Forsvararane vektla òg den mentale helsa hans og den traumatiske barndommen.


(©NPK)