Austerrikarane seier nei til duft på T-banen

Austerrikske styresmakter har i sommar testa ut ulike duftar på T-banene i byen, men passasjerane seier nei.
utenriks

Hensikta med det månadslange prøveprosjektet har vore å gjere reisa meir behageleg.

«Energigivande» grapefrukt, «avslappande» melon og sandeltre er blant dei fire duftene som har vorte testa i ei rekke vogner på to metrolinjer i den austerrikske hovudstaden i juli. Duftene vart kanaliserte inn i vognene via ventilasjonssystemet.

Transportselskapet Wiener Linien har likevel vedtatt å droppe ideen om duft på T-banen etter at 21.000 av 37.000 deltakarar har stemt mot tiltaket i ei internettundersøking.

2,6 millionar menneske bruker buss, trikk og bane i Wien kvar dag, og omkring halvparten av dei 1,9 millionane innbyggarar i byen har kjøpt årskort for 365 euro (3.650 kroner).

(©NPK)