Hundretusenvis protesterer i Barcelona

Over ein halv million menneske deltar i ein demonstrasjon for sjølvstende i Barcelona etter å ha marsjert mot byen i fleire dagar, ifølgje katalansk politi.
utenriks

Heilt sidan ni katalanske politikarar vart dømde til lange fengselsstraffer i Spania måndag, har rasande demonstrantar sett preg på Barcelona. Fredag toppa protestane seg i det titusenvis av marsjerande katalanarar nådde fram til regionhovudstaden.

Marsjane starta i fem ulike byar tysdag og enda opp i ei storstilt massemønstring i sentrum av Barcelona fredag klokka 17. Ein dryg time seinare anslo politiet i byen at over ein halv million menneske hadde samla seg.

Det var spansk høgsterett som måndag vedtok at dei ni katalanske politikarane skulle dømmast til mellom 9 og 13 år i fengsel. Dei blir mellom anna straffa for å ha arrangert ei ulovleg folkeavstemming om å lausrive Catalonia frå Spania for to år sidan.

Studentar marsjerer

Tidleg fredag ettermiddag marsjerte tusenvis av streikande studentar gjennom byen med plakatar der dei fastslår at katalanarane ikkje vil bøye seg, og med krav om at «dei politiske fangane må settast fri».

– Vi må presse litt meir, og vi vil få det vi vil, seier 18 år gamle Miquel Flores, ein sjukepleiarstudent.

Demonstrantar har òg sperra ei rekke vegar, noko som mellom anna har ført til at den viktigaste grenseovergangen mellom Spania og Frankrike er stengd.

Generalstreik

Mange arbeidarar har òg slutta opp om generalstreiken som separatistane har oppmoda til.

Hamnearbeidarar og tilsette ved Seat-fabrikken la ned arbeidet, og butikkane til den store katalanske supermarknadskjeda Bonpreus heldt stengt.

Fleire titals avgangar ved flyplassen er innstilt på grunn av uroa.

Kollektivtrafikken er òg ramma, og når dei fem demonstrasjonstoga møtest, blir det venta at mesteparten av byen vil stå stille.

Massemønstringa i Barcelona blir halde etter endå ei natt med omfattande opptøyar. Hundrevis av demonstrantar sette fyr på barrikadar og kasta bensinbomber mot politiet, som svarte med gummikuler.

Ny folkerøysting

Regionpresident Quim Torra i Catalonia sa torsdag at han vil ha ei ny folkeavstemming om katalansk lausriving.

Den førre folkeavstemminga i 2017, der over 90 prosent stemte for lausriving frå Spania, vart erklært grunnlovsstridig av høgsterett og regjeringa i Spania.

Katalanske leiarar vart tiltalte for oppvigling, opprør og misbruk av offentlege middel, og fleire av dei, med tidlegare president i Catalonia Carles Puigdemont i spissen, flykta i eksil.

Spania skreiv denne veka ut ein ny arrestordre på han, og fredag troppa Puigdemont opp hos belgisk påtalemakt og gjorde det klart at han motset seg utlevering.






(©NPK)