23 drepne i israelske flyangrep mot Syria

Israel stadfestar at dei har gjennomført flyangrep mot syriske og iranske militære anlegg i Syria. 23 personar vart drepne, ifølgje eksilgruppe.
utenriks

Totalt er 23 personar drepne i angrepa, ifølgje eksilgruppa Syrian Observatory for Human Rights (SOHR). 16 av dei skal vere utanlandske krigarar, medan to skal vere sivile.

Resten av dei skal vere syriske soldatar.

Målet for luftangrepa var våpenlager som tilhøyrer den iranske Elitestyrken til revolusjonsgarden, Quds-styrken, mellom anna i forstadane Qudsaya og Kisweh utanfor Damaskus, ifølgje leiar Rami Abdulrahman iSOHR.

Israelske forsvarsstyresmakter stadfestar at det i morgontimane onsdag vart gjennomført fleire titals flyangrep mot Quds-styrken og den syriske regjeringshæren. Både leirar og våpenlager skal vere trefte.

Angrepa blir kalla ein reaksjon på at fire rakettar tysdag vart skotne ut mot israelske område.

Fleire eksplosjonar

Det statlege syriske nyheitsbyrået Sana melder at fleire titals menneske vart såra i luftangrepa, og at luftforsvaret i Syria har hindra fienden i å angripe mål i hovudstaden Damaskus.

– Luftvernet skaut ned fiendtlege rakettar sør for Damaskus, heiter det.

Ein korrespondent frå nyheitsbyrået AFP i Damaskus høyrde fleire større eksplosjonar natt til onsdag.

Motangrep

Hendinga skjer dagen etter at Israel skaut ned fire rakettar frå Syria. Det vart like etter rapportert om fleire motangrep frå Israel.

SOHR opplyste tysdag at det israelske forsvaret hadde fyrt av fem rakettar mot Damaskus. Fleire skal ha vorte avskorne.

Israel har tidlegare angripe Syria frå lufta på grunn av bandet landet har til Iran. Israel har forsvart angrepa ved å vise til at dei hindrar Iran i å etablere seg militært i regionen.

Statsminister Benjamin Netanyahu i Israel har den siste tida komme med ei rekke åtvaringar om iranske angrep i Midtausten og har lova å svare på desse.


(©NPK)