Bustadbygg blir evakuert på grunn av flaum i Danmark

Elleve bustadbygg blir evakuerte i Horsens i Danmark, der kraftig regn har utløyst frykt for at eit dike kan breste.
utenriks

Store mengder regn har gjort at vasstanden i Bygholm sø er høgare enn normalt.

Kommunen pumpar vekk vatn for å avlaste eit dike som vernar dei elleve bustadbygga. Likevel er det frykt for at vassmassane kan undergrave og trenge gjennom barrieren.

For å vere på den sikre sida varsla politiet måndag at bustadane blir evakuerte.

Både i Danmark, Sverige og Noreg har det vore flaum på grunn av kraftig regn og stormflo i samband med uvêret Dennis. I England har 400 bustadar vorte ramma av flaum.

(©NPK)