Covid-19-smitten minkar i Kina, opp i andre land

Ifølgje dei siste tala har berre 349 personar fått påvist det nye koronaviruset i Kina det siste døgnet, medan 114 nye smitta er stadfesta døde.
utenriks

Ifølgje Reuters er dette det lågaste talet på nye smittetilfelle på eitt døgn sidan 25. januar i Kina. Talet på døde som har fått påvist viruset i Kina er no 2.118 døde, medan fleire enn 74.000 personar er stadfesta berarar av viruset.

Helsestyresmaktene i Hubei-provinsen har det siste døgnet påvist covid-19 hos 349 nye personar, ein kraftig reduksjon samanlikna med døgnet før, då talet på nye tilfelle var 1.693 i den hardt ramma provinsen.

Samtidig blir det stadfesta 114 nye dødsfall. Dei fleste av dødsfalla er framleis i Wuhan, der den nye typen koronavirus først vart oppdaga i desember.

Byen har over 11 millionar innbyggarar og er hovudstad i Hubei-provinsen.

Samtidig er covid-19 spreidd til meir enn 20 andre land, og i nokre av desse landa er det ei viss bekymring for utviklinga.

I Japan vart to passasjerar frå cruiseskipet Diamond Princess, ein mann og ei kvinne i 80-åra, torsdag stadfesta døde. Begge var smitta med covid-19.

I Sør-Korea har 31 nye tilfelle vorte registrert det siste døgnet, 23 av dei kan truleg sporast tilbake til ei gudsteneste og same smittekjelde i Daegu, og no er talet på smitta i landet oppe i 82, opp frå 31 på berre to dagar.

Åtte personar som hadde fått påvist det nye koronaviruset utanfor Fastlands-Kina, er stadfesta døde.


(©NPK)