EU-presidenten: – Alt er på bordet

Alt ligg på bordet og er klart for å avgjerast, seier EU-president Charles Michel på veg inn til det ekstraordinære budsjettoppmøtet i Brussel.
utenriks

– Eg er overtydd om at det er mogleg å gjere framsteg i dei neste timane og dagane, seier Michel og takkar for innsatsen leiarane i EU-landa har lagt ned i forkant av møtet.

– Det er mange interesser og bekymringar, og dei er alle legitime, seier han.

Budsjettforslaget han la fram nyleg, har hittil fått ei kjølig mottaking frå fleire hald, og det er mange som tviler på om dei 27 landa blir samde på dette toppmøtet, som truleg vil strekke seg over to eller tre dagar.

(©NPK)