Filmfestivalen i Berlin opna med eitt minutts stille

Filmfestivalen i Berlin opna torsdag kveld med eitt minutts stille for å minnast offera for masseskytinga i Hanau.
utenriks

– Det er med stort sjokk og sorg at Berlinalen fekk vite om dette dødelege angrepet, heiter det i ei kunngjering frå festivalen før opninga.

– Den djupaste medkjensla vår går til offera og familiane deira, heitte det vidare, og det vart samtidig understreka at filmfestivalen i Berlin står for toleranse, respekt og gjestfridom, og er motstandarar av vald og rasisme.

Minst ni menneske, fleire med utanlandsk opphav, vart drepne då ein 43 år gammal tysk mann med framandfiendtlege haldningar opna eld på to barar i Hanau onsdag kveld.

(©NPK)