Krone frå 1700-talet returnert til Etiopia

Ei etiopisk krone frå 1700-talet som har lege gøymt i ei leilegheit i Nederland i over 20 år, vart torsdag returnert til Etiopia.
utenriks

Ein tidlegare flyktning som no er nederlandsk statsborgar, rømte frå Etiopia på slutten av 70-talet. I 1998 fann han krona som har inngravert bilde av Jesus og dei tolv apostlane, i ein koffert som vart lagt igjen av ein besøkande.

Krona forsvann frå Treeiningskyrkja i byen Cheleqot nord i Etiopia, men det er uklart kor lenge ho har vore sakna. Torsdag vart ho overrekt i ein seremoni i hovudstaden Addis Abeba.

På ettermiddagen var krona allereie utstilt i Etiopias nasjonalmuseum.

(©NPK)