Ni drepne i masseskyting i Tyskland – mistenkt funnen død

13 personar vart onsdag kveld skotne i den vesttyske byen Hanau onsdag kveld. Ni av dei døydde. Gjerningsmannen er funnen død, saman med endå ein død person.
utenriks

Politiet i Südost-Hessen – Offenbach melder torsdag morgon at ein påstått gjerningsmann er funnen død etter jakta i natt på ein eller fleire gjerningspersonar i kjølvatnet av skytinga onsdag kveld. Dei seier også at det ikkje har noko som tyder på at det var meir enn éin person bak valden.

Av dei 13 som vart skotne i to skotløysingar onsdag, er ni stadfesta døde og fire alvorleg såra.

– Den påståtte gjerningsmannen vart funnen livlaus på heimeadressa si i Hanau, skriv politiet.

Spesialstyrkane fann òg ein annan død person på privatadressa. Dermed er det samla talet døde oppe i elleve.

To skyteepisodar

Etterforskinga går framleis føre seg. Ifølgje politiet i Südost-Hessen – Offenbach vart det avfyrt skot i Hanau onsdag kveld rundt klokka 22.

Ifølgje avisa Bild vart det først skote mot baren «Midnight», ein såkalla hookah-bar der det blir røykt vasspipe, der tre personar skal ha mista livet. Ifølgje nyheitssida op-online.de skal vitne skal ha høyrt åtte–ni skot bli avfyrte ved den første skytinga.

Eit mørkt køyretøy vart ifølgje politiet sett køyrande derfrå. Gjerningspersonen skal ha tatt seg vidare til bydelen Kesselstadt og der skote mot ein annan hookah-bar i Kurt-Schumacher-Platz-området. Fem personar vart drepne der.

Ein av dei såra personane døydde i løpet av natta.

Fekk tips

– Det er framleis ingen påliteleg informasjon om bakgrunnen for det som er skjedde, sa Henry Faltin ved pressekontoret til politiet natt til torsdag.

Politiet fekk informasjon frå vitne om eit køyretøy som vart sett på veg vekk frå det eine åstaden. Det leidde dei til adressa der den påståtte gjerningspersonen vart funnen død.

Hanau ligg omtrent 20 kilometer aust for Frankfurt am Main og har omkring 100.000 innbyggarar.

Sosiale medium er fulle av bilde og rykte om kven offera er og kva bakgrunnen for skytingane kan ha vore, og minst éin person vart henta inn av politiet.


(©NPK)