Skytemassakren i Tyskland blir etterforska som terror

Gjerningsmannen i Hanau var truleg motivert av framandfiendtlege haldningar, ifølgje tyske styresmakter. Skytemassakren blir etterforska som terrorisme.
utenriks

Minst ni personar vart onsdag kveld skotne og drepne på to såkalla hookah-barar der det blir røykt vasspipe i byen Hanau. Fleire av dei drepne har kurdisk bakgrunn, ifølgje tyske medium.

– Basert på det vi veit no, så var det definitivt eit motiv knytt til framandfrykt, seier innanriksminister i delstaten Hessen Peter Beuth torsdag formiddag.

Drapa blir etterforska som terrorisme, og ei antiterror-eining i den tyske nasjonale påtalemakta har overtatt ansvaret for etterforskinga.

Den antatte gjerningsmannen etterlét seg eit brev og ein video der han gir uttrykk for høgreekstreme haldningar, melder den tyske avisa Bild. I brevet skriv mannen visstnok om å utslette grupper av menneske som det ikkje lenger er mogleg å utvise frå Tyskland.

Funne død i leilegheita si

Lokalt politi melde torsdag morgon at den antatte gjerningsmannen var funnen død på heimeadressa si i den vesttyske byen. Ifølgje Bild ligg leilegheita like ved ein av kafeane som det vart skote mot.

I leilegheita fann politiet òg ein annan død person. Dette viste seg å vere den 72 år gamle mora til den antatte gjerningsmannen, ifølgje Beuth.

Bild skriv at gjerningsmannen er ein tysk statsborgar. I bilen hans er det funne ammunisjon og våpenmagasin, og mannen skal òg ha tatt jegerprøven.

Ifølgje nyheitsbyrået DPA har mannen lagt ut ein nesten éin time lang video ut på nettet, der han uttrykker negative haldningar til innvandrarar frå arabiske land og Tyrkia. I videoen blir det òg påstått at Tyskland blir styrt av ein hemmeleg organisasjon med stor makt.

Køyrde frå kafé til kafé

Dei første skota vart avfyrte i sentrum av den vesttyske byen Hanau rundt klokka 22 onsdag kveld.

Det vart først skote mot kafeen «Midnight» – ein såkalla hookah-bar der det blir røykt vasspipe. Tre personar vart drepne utanfor kafeen. Ifølgje nyheitssida op-online.de skal vitne ha høyrt åtte–ni skot ved den første skytinga.

Dei som vart drepne på den første kafeen, hadde kurdisk bakgrunn, ifølgje Bild.

Eit mørkt køyretøy vart ifølgje politiet sett køyrande derifrå. Gjerningspersonen køyrde deretter vidare til bydelen Kesselstadt og skaut mot ein annan hookah-bar i Kurt-Schumacher-Platz-området. Fem personar vart drepne der.

Ein person døydde seinare av skadane etter skytinga. Totalt vart 13 personar skotne, og av desse er fire alvorleg skadd.

Kondolansar frå Merkel

Tysklands statsminister Angela Merkel uttrykker si medkjensle til dei som er ramma av skytemassakren.

– Denne morgonen er tankane våre hos innbyggarane i Hanau, der denne grufulle gjerninga vart utført. Den djupaste medkjensla vår går til dei pårørande, som sørger over sine døde. Vi håper at dei som er såra, snart vil bli betre, seier Merkel gjennom ein talsperson.

Ordføraren i byen er òg sterkt prega av det som har skjedd.

– Dette var ein grufull kveld, som utan tvil vil prege oss i lang tid og som vil etterlate vonde minne, seier Claus Kaminsky.

Aukande høgreekstrem trussel

Tyske styresmakter har trappa opp etterforskinga av dei høgreekstreme miljøa i landet det siste året.

Høgreekstremisme blir rekna som ein aukande trussel i landet etter drapet på den innvandringsvennlege lokalpolitikaren Walter Lübcke i juni og eit angrep på ein synagoge i byen Halle i oktober, der to personar vart drepne.

Så seint som fredag vart tolv personar arresterte i ein tysk politiaksjon retta mot høgreekstremistar som blir mistenkte for å ha planlagt eit terrorangrep. Gruppa skal mellom anna ha ønskt å skyte muslimar medan dei bad, ifølgje tyske medium. Planen var visstnok å etterlikne angrepa mot to moskear der 51 menneske vart drepne i Christchurch på New Zealand i fjor.