Noko betre stemning i tysk næringsliv

Ein indeks som viser trua til tysk næringsliv på framtida, gjekk litt opp i mai etter å ha sett ein botnrekord i april.
utenriks

Ifo-instituttets forretningsklima-indeks hamna på 79,5 poeng i mai, etter å ha vore nede i 74,3 poeng månaden før, det lågaste nivået nokosinne.

– Stemninga blant tyske bedrifter har teke seg opp noko etter nokre katastrofale månader. Forventningane til framtida har teke seg opp betrakteleg, men mange er framleis pessimistiske på vegner av eiga verksemd, seier Ifo-direktør Clemens Fuest.

Økonomien krympa med 2,2 prosent i første kvartal, den største nedgangen sidan finanskrisa i 2008–09.

(©NPK)