52 nye koronadødsfall i Frankrike

Frankrike melder om 52 nye koronarelaterte dødsfall siste døgn. Det er 14 færre enn døgnet før.
utenriks

Til saman har no 28.714 personar døydd med koronasmitte i Frankrike. Det er det fjerde høgaste dødstalet i verda.

Det er niande dag på rad at franske helsestyresmakter registrerer færre enn 100 daglege koronarelaterte dødsfall.

Samtidig søkk talet på koronasmitta pasientar på intensivavdelingane på franske sjukehus. Fredag fekk 1.361 pasientar intensivbehandling. Det er 68 færre enn torsdag.

(©NPK)