Tyrkia lettar på koronarestriksjonane

Frå måndag opnar kafear, restaurantar, parkar og andre offentlege stader igjen i Tyrkia etter å ha vore stengde sidan mars for å hindre spreiing av koronavirus.
utenriks

I tillegg blir inn- og utreiseforbodet i 15 provinsar, inkludert Istanbul og hovudstaden Ankara oppheva, opplyste president Recep Tayyip Erdogan torsdag.

Treningsstudio, svømmehallar, hagar og museum tek igjen imot gjester, sa presidenten i den TV-sende talen. Derimot blir såkalla hookah-barar, der det blir røykt vasspipe, og nattklubbar framleis haldne stengde.

Erdogan viste i talen til ein nedgang i talet på nye smitta og koronarelaterte dødsfall. Helseministeren i landet opplyste torsdag at 30 koronasmitta hadde døydd siste døgn – til saman har 4.461 personar døydd og 160.979 er registrerte smitta i Tyrkia.

Flyselskapet Turkish Airlines seier at det vil starte med innanriksflygingar frå 4. juni og internasjonale flygingar frå 10. juni.

(©NPK)