Colosseum i Roma gjenopna

Den berømte turistattraksjonen Colosseum i Italias hovudstad Roma har gjenopna etter å ha vore stengt i nesten tre månader.
utenriks

– Dette er ein symbolsk augneblink for Roma og for Italia, seier Colosseum-direktør Alfonsina Russo.

Turistattraksjonen vart stengd tidleg i mars då Italia vart hardt ramma av koronapandemien. Russo seier at gjenopninga av Colosseum viser at Italia er på veg til betring.

Til vanleg har Colosseum rundt 20.000 besøkande om dagen, men det blir no avgrensa til mellom 1.000 og 1.600.

(©NPK)