Storbritannia registrerer lågaste dødstal sidan nedstengninga

Storbritannia har registrert 111 nye dødsfall i samband med koronasmitte det siste døgnet, opplyser helsestyresmaktene i landet.
utenriks

Registreringa av dødsfall er ofte lågare etter helga, men helseminister Matt Hancock seier likevel at det låge talet markerer ein «betydelig framgang».

Det har i tillegg vorte registrert 1.570 nye smittetilfelle, noko som er det lågaste sidan 25. mars.

Storbritannia har så langt registrert over 270.000 smittetilfelle og rundt 38.500 koronarelaterte dødsfall. Det offisielle talet omfattar likevel berre personar som har døydd på sjukehus og sjukeheim etter å ha testa positivt på koronaviruset.

(©NPK)