Kina utnemner kontroversiell sikkerheitssjef i Hongkong

Kina har utpeika Zheng Yanxiong til sjef for kontoret for nasjonal sikkerheit i Hongkong. Han er kjend for å ha stått for ei tøff linje mot tidlegare opprør.
utenriks

Zheng spelte ei viktig rolle i handteringa av eit opprør mot konfiskering av jord og korrupsjon i landsbyen Wukan i 2011.

Han blir omtalt som ein «lov og orden-person» og blir sett inn i stillinga like etter at Kina har vedteke og sett i verk ei ny nasjonal sikkerheitslov i Hongkong.

Fredag vart den første tiltalen etter lova teke ut. Ein 24 år gammal mann er tiltalt for å oppmuntre andre til å kjempe for lausriving og for terroraktivitet, opplyser politiet i Hongkong.

Ei politikjelde seier til nyheitsbyrået AFP at mannen er mistenkt for å ha køyrt ein motorsykkel inn i ei gruppe politifolk under demonstrasjonane mot sikkerheitslova onsdag.

(©NPK)