Prins Joachim utskriven frå sjukehus

Danmarks prins Joachim er utskriven frå sjukehus i Frankrike, der han vart operert førre månad for blodpropp i hjernen.
utenriks

– Vurderinga til legane er at helsa til prinsen har betra seg i ei slik grad at han kan skrivast ut, sa Lene Balleby, talskvinne for det danske kongehuset tysdag.

Den 51 år gamle prinsen hadde vore på ferie og vart innlagd på Universitetssjukehuset i Toulouse 24. juli. Der vart han hasteoperert for å fjerne ein blodpropp i hjernen.

Prins Joachim oppheld seg no på si mors, dronning Margrethes, residens Chateau de Cayx sørvest i Frankrike.

Prins Joachim er nummer seks i arverekkjefølgja i Danmark.

(©NPK)