Macron vil ha internasjonal gransking av Beirut-ulykke

Frankrikes president Emmanuel Macron tek til orde for internasjonal gransking etter eksplosjonen som la delar av Beirut i ruinar.
utenriks

– Ei internasjonal og open gransking trengst for å hindre at noko blir halde skjult og at tvilen melder seg, sa Macron under eit besøk i Beirut torsdag.

Den kraftige eksplosjonen vart truleg forårsaka av ein brann i ein lagerbygning som spreidde seg til eit lager med 2.750 tonn ammoniumnitrat i hamna i den libanesiske hovudstaden.

Nærmare 140 menneske er stadfesta omkomne, over 5.000 vart skadde og over 250.000 skal ha vorte heimlause i eksplosjonen.

(©NPK)