Danmark vidarefører koronatiltak etter smitterekord

Fredag er det meldt om 678 nye koronatilfelle i Danmark det siste døgnet. Det er det høgaste talet smittetilfelle sidan utbrotet starta.
utenriks

Utviklinga går feil veg i nabolandet vårt i sør. På ein pressekonferanse fredag ettermiddag varsla helseminister Magnus Heunicke at dei nasjonale koronatiltaka, som eigentleg skulle gå ut 4. oktober, blir forlengde til den 18. oktober.

Dei inneber at barar og restaurantar stengjer klokka 22 om kvelden. Ståande gjester må alle ha på seg munnbind. I tillegg skjerpar regjeringa forsamlingsforbodet.

Regelen om at ikkje meir enn 50 kan vere samla, gjeld frå laurdag òg private arrangement som bryllaup og bursdagsfestar. Regelen gjeld ikkje private heimar, sidan styresmaktene meiner dette er lite relevant.

Avgjerda kom etter at opptil 60 personar vart smitta i samband med ein enkelt fest, seier leiaren i Styrelsen for Patientsikkerhed, Anette Lykke Petri.

– Det er uråd å seie kor mange fleire som kan bli smitta i neste ledd, seier ho.

Yngre blir smitta

Helseministeren held døra open for å innføre fleire smitteverntiltak.

– Det hadde vore uansvarleg å sjå vekk frå noko våpen akkurat no, seier han.

Smittespreiinga hos dei yngre uroar Heunicke.

– Kvar fjerde av dei som blir smitta, er mellom 20 og 29 år. Nivået er for høgt. Stigninga kom før vi venta henne, seier helseministeren.

– Vi skjerpar no reglane for festar for å halde resten av samfunnet mest mogleg ope. Det er utruleg leitt for dei som hadde planlagt festar i morgon. Dei må gå i gang med å kutte i gjestelista, seier han.

Registreringa fredag er første gongen det er registrert fleire enn 600 smitta på eit døgn, skriv Ekstra Bladet. Samtidig er det no langt fleire som blir testa, noko som kan føre til at ein fangar opp fleire milde tilfelle.

Ifølgje den siste oppdateringa frå Statens Serum Institut er det registrert totalt 25.597 smittetilfelle i Danmark.

Fleire innlagde

For første gong sidan byrjinga av juni er det no over 100 covid-19-pasientar på danske sjukehus. Det siste døgnet auka talet på innleggingar med seks og er oppe i 101. 25 av pasientane ligg på intensivavdeling, 9 av dei i respirator.

Det siste døgnet har det vore to koronarelaterte dødsfall. Sidan utbrotet starta, har 647 personar døydde i Danmark.

Også i Sverige var det to dødsfall og over 600 nye smittetilfelle det siste døgnet. Totalt har 5.880 menneske døydd i samband med pandemien i Sverige, viser tal frå Folkhälsomyndigheten. 90.923 har fått påvist smitte, 634 av dei det siste døgnet.

(©NPK)