Dommaravgjerd i USA: Folketeljing må halde fram

Ein dommar i USA har stansa vedtaket til Trump-regjeringa om å avslutte folketeljinga som no er i gang, ved utgangen av september.
utenriks

I staden må teljinga halde fram til slutten av oktober, fastslår den føderale dommaren Lucy Koh i California i ei mellombels åtgjerd.

Koh meiner den korte tidsfristen til Trump-regjeringa truleg ville gitt feilaktige resultat. Dette kan igjen påverke talet på representantar som dei ulike delstatane har i Kongressen.

Dommaren lét seg dermed overtyde av argumenta til borgarrettsgrupper og lokale styresmakter, som har saksøkt den etaten som har ansvaret for folketeljinga. Dei har mellom anna argumentert med at den korte tidsfristen vil gjere det vanskeleg å fange opp minoritetsgrupper.

Opphavleg var det meininga at folketeljinga skulle vere ferdig i slutten av juli, men tidsplanen vart endra på grunn av koronapandemien.

USA har folketeljingar kvart tiande år. Dei påverkar mellom anna storleiken på dei føderale overføringane til delstatane og fordelinga av kongressrepresentantar.

(©NPK)