Pakistansk opposisjonsleiar arrestert

Shahbaz Sharif, som leiar opposisjonen i den pakistanske nasjonalforsamlinga, er arrestert, skulda for kvitvasking.
utenriks

Sharif, som er broren til den tidlegare statsministeren i landet, korrupsjonsdømte Nawaz Sharif, vart arrestert i Lahore måndag. Ein domstol nekta å lauslate han mot kausjon.

Opposisjonen hevdar at arrestasjonen var politisk motivert. Dei viser til at Sharif, som leiar partiet Pakistan Muslim League (PMLN), for få dagar sidan lova å felle statsminister Imran Khan og regjeringa hans.

– Vi lèt oss ikkje skremme av desse arrestasjonane, seier talskvinna for partiet Marriyum Aurangzeb.

Shahbaz Sharifs bror Nawaz Sharif var statsminister i tre periodar, men vart tvinga til å gå av etter korrupsjonsskuldingar i 2017. Han vart dømd til ti års fengsel for korrupsjon, men dommen vart seinare omgjord til sju års fengsel.

I november i fjor fekk Sharif innvilga fire vekers permisjon for å gjennomgå ein hjarteoperasjon i London. Han returnerte aldri til Pakistan, og Khan-regjeringa opplyste for få dagar sidan at dei vurderer å krevje han utlevert.

(©NPK)