Skal til NM:

Årets ungdomsbedrift i Møre og Romsdal

Appen til Lokalmat UB blei lansert i App Store sist fredag, og i dag kunne dei hente heim fleire prisar under fylkesmessa i Molde. På biletet er representantar frå ungdomsbedrifta med sjekkane dei har vunne i løpet av dagen – og sjølvsagt også gullbilletten til NM. F.v.: Terese Aanning, Josefine Sve Hagen og Tobias Manthey.  Foto: Ole Bjørn Hjellegjerde

Nyhende

I årets fylkesmesse kunne Lokalmat UB frå Stranda vgs. notere seg siger etter siger – og til slutt stakk dei av med den gjævaste prisen av dei alle: Årets beste ungdomsbedrift.

Kollegaene og konkurrentane i nICE UB fekk andreplass i denne kategorien.

Dermed skal Lokalmat UB til noregsmeisterskapen i Lillestrøm 26.–27. april. Dit skal også DigDok UB (Romsdal vgs.), Stålkontroll UB (Sykkylven vgs.) og Hagall Clothing UB (Ålesund vgs.), opplyser Ungt Entreprenørskap.


 

Sette nye rekordar

Tre av dei fire ungdomsbedriftene frå Stranda vgs. kapra til saman 16 pallplasseringar i løpet av fylkesmessa. Dette er ny rekord, fortel lærar Ole Bjørn Hjellegjerde.

– For tredje året på rad blei vi den mestvinnande skulen i fylket. Heile seks førsteplassar til ei og same bedrift, Lokalmat UB, er også ny rekord for skulen, seier han.


 

Heile oversikta over alle prisane kan du sjå her (lokale bidrag er utheva):

Beste ungdomsbedrift

1. Lokalmat UB, Stranda vgs.

2. nICE UB, Stranda vgs.

3. UniTour UB, Atlanten vgs.

Beste marknadsføring

1. Lokalmat UB, Stranda vgs.

2. Digdok UB, Romsdal vgs.

3. Muffle UB, Stranda vgs.

Beste kundeoppleving på nett

1. Lokalmat UB, Stranda vgs.

2. Kjøkkenskuffa UB, Spjelkavik vgs.

Beste forretningsplan

1. nICE UB, Stranda vgs.

2. Lokalmat UB, Stranda vgs.

3. YourMoment UB, Romsdal vgs.

Beste logo

1, Woodclock UB, Sykkylven vgs.

2. Hagall Clothing UB, Ålesund vgs.

3. nICE UB, Stranda vgs.

Beste brosjyre

1. Wissen UB, Spjelkavik vgs.

2. GRID UB, Sykkylven vgs.

3. EasyChop UB, Spjelkavik vgs.

Beste samarbeid med næringslivet

1. Lokalmat UB, Stranda vgs.

2. Estetisk Interiør UB, Spjelkavik vgs.

3. nICE UB, Stranda vgs.

Innovasjonsprisen

1. DigDok UB, Romsdal vgs.

2. Lokalmat UB, Stranda vgs.

3. UniTour UB, Atlanten vgs.

Beste yrkesfaglege bedrift

1. Stålkontroll UB, Sykkylven vgs.

2. nICE UB, Stranda vgs.

3. Retro bord UB, Sykkylven vgs.

Beste sosiale entreprenør

1. Your Moment UB, Romsdal vgs.

2. DigDok UB, Romsdal vgs.

Beste utstilling

1. Hagall Clothing UB, Ålesund vgs.

2. Lokalmat UB, Stranda vgs.

3. Pent UB, Sykkylven vgs.

Berekraftprisen

1. Lokalmat UB, Stranda vgs.

Størst verdiskapingspotensial

1. Lokalmat UB, Stranda vgs.

2. YourMoment UB, Romsdal vgs.

3. nICE UB, Stranda vgs.

Beste HR-bedrift

1. Markit UB, Romsdal vgs.

2. YourMoment UB, Romsdal vgs.

3. Wissen UB, Spjelkavik vgs.

Rekneskapsprisen

1 DigDok UB, Romsdal vgs.

2. YourMoment UB, Romsdal vgs.

3. Markit UB, Romsdal vgs.


Delte ut smaksprøver til handlande i Stranda

Sunt og smakfullt

Sunt og samtidig smakfullt? Sjølvsagt, seier ungdomsbedriftene Muffle UB og Nice UB.