Stranda Eigedomsselskap

Tre husleigeauker iløpet av fire månader

Ein leigetakar har kontakta Sunnmøringen for å klage på det vedkommande ser på ulovleg husleigeauke på kommunale boligar.

ILLUSTRASJONSFOTO/COLOURBOX 

Nyhende

Sunnmøringen har blitt kontakta om fleire tilfelle vedrørande Stranda eigedomsselskap AS, som er heileigd av Stranda kommune. Generalforsamling for Stranda Eigedomsselskap AS er kommunestyret i Stranda.

Tre auker

Leigetakaren, som har bede om å vere anonym, fekk vedtak om kommunal bustad i september i fjor.

Husleiga var i vedtaket sett til 6.975 kroner. I oktober hevdar leigetakaren at han fekk ein epost frå eigedomsselskapet, med varsel om at husleigen vart sett opp til 7.740 kroner frå 1. november 2017.

Frå januar 2018 har leigetakaren fått ei ytterlegare auke på husleiga, til 7.840 kroner per månad.

Leigetakaren har ytterlegare vorte avkrevd for trappevask og skifte av vifte på ventilasjonen i tillegg til husleiga.

Sunnmøringen sit med dokumentasjon i saka som viser at det den aktuelle leigetakaren fortel er korrekt.

– Eg fekk i oktober epost frå eigedomsselskapet med varsel om ny leige, fortel leigetakaren.

– Då eg gikk for å spørre kva dette var for noke, fekk eg beskjed om at den første husleigeprisen var feil. Eg ville ikkje godta dette, og det endte med at eg fekk varsel om at eg kunne bli sagt opp som leigetakar, seier vedkommande.

– Det er ikkje så enkelt. Eg har eit vedtak frå kommunen om at eg har fått tildelt bustad. Originalprisen står både i husleigekontrakta og i vedtaket frå kommunen, seier leigetakaren.

Dårleg standard

Ein annan leigetakar i eitt av bygdelaga har kontakta Sunnmøringen vedrørande det han opplev som dårleg standard i bustaden. Sunnmøringen såg med sjølvsyn at det var muggsopp i taket og løsna mur inni omnen som står i leiligheita.

Brannvesenet gjennomførte nyleg branntilsyn på staden og fann då to mindre avvik. Muren inni omnen var eitt av desse.

– Fyringsanlegget i leiligheita fungerer ikkje skikkeleg. Slik det er no, fyrer eg for kråka. Eg får ikkje opp temperaturen i leiligheita, seier leigetakaren.

Leigetakaren flytta inn sommaren 2012, og meiner at det ikkje har vorte utført vedlikehald på leiligheita sidan vedkommande flytta inn.

– Eg har sendt brev til eigedomsselskapet og bede om oppussing av leiligheita. Det er mellom anna dårlege vindu her og ein gamal panelomn eg ikkje våger å bruke. Dokumentasjon på dette har eg ikkje, då alle breva var handskrivne, seier leigetakaren.