Ferjeselskap:

Ønskjer felles løysingar for å få grønare ferjekaier

Administrerande direktør i Fjord1 Dagfinn Neteland, her under konferansen Utsleppsfrie fjordar og maritim sektor i regi av miljøorganisasjonen Zero, ønskjer felles løysingar for utbygging av ladesystem i maritim sektor.  Foto: Kjell Åsmund Sunde / NPK

Ladestasjon og ferje ved kai på sambandet Anda-Lote. Dette er det første sambandet i verda med krav til nullutslepp.  Foto: Karoline Riise Kristiansen/ NPK

Lars Jacob Engelsen, viseadministrerande direktør i Norled, ønskjer at oppdragsgivar tar meir ansvar for utbygging av infrastruktur på kaiene.   Foto: Norled

Statssekretær Tommy Skjervold (Frp) i Samferdselsdepartementet seier at målet er at ein innan 2021- 22 har gjort seg opp nok erfaringar til at ein kan byrje å standardisere infrastrukturen på kaiene.   Foto: Margunn Sundfjord / NPK

Nyhende

I dag er det oftast ferjeselskapa sjølve som byggjer ut miljøvennleg infrastruktur på norske ferjekaier. Løysingane er kostbare og kan ikkje brukast av andre enn utbyggjar. Ferjeselskapet Fjord1 vil ha felles løysingar og Norled ønskjer at oppdragsgivar tar meir ansvar for utbygginga.

– Den største utfordringa vår er å byggje ut infrastrukturen på kaiene og byggje ladesystem for fartøya våre, sa administrerande direktør Dagfinn Neteland i Fjord1 under seminaret Utsleppsfrie fjordar og maritim sektor nyleg.

Under seminaret etterlyste Neteland felles løysingar for utbygging av infrastrukturen på ferjekaiene.

– Vi byggjer no ut 24 ladesystem på 24 kaier på to år. Det er ingen andre enn vi som kan eller får bruke dei. Det er ikkje tilrettelagt for det. Vi bruker hundrevis av millionar på infrastruktur, som berre vi kan bruke. Vi må tenkje større. Lading det er framtida, vi må finne felles løysingar, sa han.

Staten og fylkeskommunane har ansvaret

– Staten og fylkeskommunane er vegeigarar og har ansvaret for infrastrukturen på høvesvis riksvegar og fylkesvegar. Som hovudregel er det vegeigar, altså staten og fylkeskommunane, som er ansvarlege for infrastrukturen på ferjekaiene. Ved utlysing av kontraktar for drift av samband med elektrisk drift har likevel praksis vore at ferjeselskapa har stått for utbygginga av ladeinfrastruktur og oppgradering av straumnettet i det enkelte anbod, seier statssekretær i Samferdselsdepartementet Tommy Skjervold (Frp).

Han peiker på at årsaka til det er at ladeinfrastrukturen og straumbehovet ofte er knytt svært tett opp mot drifta av dei spesifikke ferjene som trafikkerer eit samband.

– På bakgrunn av det har ikkje Statens vegvesen funne det føremålstenleg å dele eigarskap og drift av ferjene og ladeinfrastruktur. Statens vegvesen ønskjer i denne fasen av den teknologiske utviklinga å la næringa finne dei gode løysingane, seier han.

Ønskjer at oppdragsgivar tar meir ansvar

Viseadministrerande direktør i ferjeselskapet Norled Lars Jacob Engelsen ønskjer at oppdragsgivar tek større ansvar for infrastrukturen på kaiene.

– Vi trur det hadde vore gunstig om oppdragsgivar tok ein større del av ansvaret for infrastrukturen på land. Dette på grunn av moglegheita for å standardisere, og moglegheita for at infrastrukturen får lenger levetid enn ein kontraktsperiode, som normalt er på cirka 10 år, seier han til Nynorsk pressekontor.

– No er dette ein teknologi som framleis er i utvikling, men etter kvart som feltet modnast bør ein søkje standardiserte løysingar, legg han til.

Standardiserte ladesystem er målet

– Per i dag er det fire system for lading av ferjer i drift i Noreg og i den fasen vi er i no skjer det stor teknologisk utvikling når det gjeld lading av ferjer. På lengre sikt vil standardsystem for lading av ferjer vere viktig for å sikre ferjene fleksibilitet på tvers av samband, fortel statssekretær Skjervold.

– Statens vegvesen ønskjer ei meir standardisert tilnærming til området, men først om nokre år, etter at ein har prøvd ut dei systema ein har i dag og dei konsepta som tilbydarane vurderer å teste ut i anbod som skal starte opp i dei næraste åra, legg han til.

Målet er ifølgje statssekretæren at ein innan 2021- 22 har gjort seg opp nok erfaringar til at ein kan byrje å standardisere infrastrukturen på kaiene.

– Ambisjonen er at vi bør få det nye standardsystemet på plass til neste anbodsrunde på Lavik-Oppedal, det vil seie når MF Ampere (den første heilelektriske ferja i verda journ.anm.) har vore i drift i 10 år. Då kan det også vere aktuelt å vurdere alternative modellar for eigarskap til ladeinfrastruktur, avsluttar Skjervold.


(©NPK)