Lovar ny asfalt

Ødegårdsvegen: Vegen har lenge vore vanskeleg å køyre på, men er blitt merkbart verre etter vinteren. MK-leiar Frank Sve (Frp) varslar tiltak. – Ødegårdsvegen er omtrent ikkje køyrbar. seier han.  Foto: Anniken Westad

Liabygda: Det er store skadar på delar av den kommunale vegen og gjennomfartsåra Liagarden som følgje av telehiv.  Foto: Anniken Westad

Nyhende

Ødegårdsvegen blir teke med i årets kommunale asfaltprogram. Det stadfestar leiar i utvalet Miljø- og kommunalteknikk (MK), Frank Sve.

– Det er sett av midlar til å utbetre Ødegårdsvegen, og det kjem ny asfalt i år, seier Sve (Frp).

Han er ikkje kjend med detaljane i saka, til dømes kor stor del av strekninga som får ny asfalt, men legg ikkje skjul på at han ser på dette som ei høgt prioritert oppgåve:

– Vegen er omtrent ikkje køyrbar.

Sjekkar 7 mil

Ødegårdsvegen har blitt merkbart verre etter vinteren. Telehiv skapar også problem på andre kommunale vegar.

Næring og teknisk er i desse dagar ute og sjekkar alle strekningane dei har ansvaret for, fortel einingsleiar Cato Andersen.

I Stranda kommune er det til saman 70 kilometer med kommunal veg, der kring halvparten er asfalt og den andre halvparten grus.

– Kvar vår er det vanleg prosedyre for oss å gå over og sjekke kor vi må setje inn tiltak. Dette er snakk om både strakstiltak og mellombels skilting. seier Andersen.

Asfalteringsliste til MK

Blant vegane som Sunnmøringen sin utsende har køyrt på i det siste, skil også Liagarden i Liabygda seg negativt ut. Gjennomfartsåra er kopla saman med fylkesveg 650 i begge endar.

Då vi vitja Liabygda skule på måndag var det stor skade på ein del av vegen rett ovanfor skulen. Kommunen har vore på staden og sett opp kjegler for å gjere bilførarar obs på problemet.

– I nokre tilfelle fungerer telehiv slik at vegen kan kome til å setje seg igjen. Andre plassar må vil med reparasjonar. Vi held på å sluttføre lista over kommunale vegar som skal asfalterast i år, seier Andersen.

Asfalteringslista vil bli sendt til MK, som skal behandle saka 3. mai.

Kan ikkje vente

Andersen skildrar Ødegårdsvegen som eit stort og omfattande prosjekt. Reguleringsplanen for gangveg og utviding av vegbana har vore på høyring, og kommunen jobbar no med innkomne merknadar og justeringar i høve desse.

– Det er løyvd pengar til prosjektet i 2018, men tidspunktet for oppstart er førebels usikkert. I mellomtida må vi gjere noko, seier Andersen.

Det er også usikkert kva tid ein kan starte med asfaltering av Ødegårdsvegen. Einingsleiaren forklarer at saka må gjennom MK før ein kan tinge arbeidet. Dette vil derimot ikkje krevje eit eige anbod, då kommunen har ein rammeavtale med NCC. Ein føresetnad er derimot at NCC har ledig kapasitet til oppdrag.