Forbod mot utslepp i Geirangerfjorden innan 2026

Illustrasjonsbilete frå arkivet.  Foto: Colourbox.com

Nyhende

(Sunnmørsposten:) Det slår fleirtalet på Stortinget fast i den nye klimameldinga. Dette er tre år seinare enn ønsket frå Arbeidarpartiet og den maritime industrien, som ville ha eit forbod frå 2023.

– Det er skuffande at KrF sikrar regjeringa fleirtal for å utsette dette til 2026. Den maritime industrien meiner det hadde vore fullt mogleg å gjennomføre dette tidlegare, blant anna ved å ettermontere batteripakker i skip som ikkje har denne teknologien, seier Else-May Botten (Ap) til Sunnmørsposten.

KrFs Tore Storehaug er på si side godt tilfreds med semja og viser til at målet om utsleppsreduksjonar på 40 prosent ligg fast.

– Denne meldinga er ikkje meint å vere eit vegkart for norske utsleppskutt, men eit grunnlag for forhandlingane som Noreg no skal sluttføre med EU, seier han til NTB, og trekkjer fram som særleg positivt at det er fleirtal for at norske verdsarvfjordar skal vere fri for utslepp frå cruise- og annan skipstrafikk innan 2026, at det er semje om ei nordisk hydrogenstrategi og at kollektivtrafikken skal vere fossilfri innan 2025.

Botten meiner dette er for defensivt.

– På dette punktet burde vi ha vore langt meir offensive. Det er ingen som ønsker å sjå cruiseskip som ligg i Geirangerfjorden og slepp ut mengder med eksosrøyk, peiker ho på.

Opposisjonen på Stortinget er sterkt kritiske til tiltaka som fleirtalet, beståande av Høgre, Frp, Venstre og KrF, står bak.

Audun Lysbakken (SV) kallar det eit klimapolitisk havari.

– Det er utruleg at Venstre styrer etter ei klimamelding som er laga av Høgre og Frp. Og dersom KrF hadde ønske om nye kutt i utsleppa, kunne dei heller ha danna fleirtal med oss og resten av opposisjonen, seier han.

Manglande leiarskap

MDGs Per Espen Stoknes er like kritisk.

– Klimameldinga lyser manglande politisk leiarskap og er ei 104 sider lang ansvarsfråskriving, seier han til NTB.

Venstres Ketil Kjenseth trekkjer fram at Stortinget hevar ambisjonane frå 35 til 50 prosent kutt i utsleppa frå transportsektoren innan 2030 og fastslår at «så mykje som mogleg» av klimaforpliktingane skal komme i Noreg.

– Vi er verdsleiande på sal av elbilar, vi har rekordhøge jernbaneløyvingar og vi har sett av 68 milliardar til grøn transport i storbyområda. I tillegg leier Noreg an i det grøne skiftet i skipsfarten, legg Høgres Stefan Heggelund til.

Frps Terje Halleland meiner det er viktig at Noreg framleis er sikra høve til kvotekjøp og «kostnadseffektive klimakutt» i utlandet.

– Vi er også fornøgd med at opptrappingsplanen for biodrivstoff ikkje innfører ein standard som avskiltar tusenvis av eldre bilar, seier han.

Denne artikkelen vart først publisert av Sunnmørsposten.