Miljøtiltak frå Orkla:

Pizzafabrikken byter ut papp med plast

Å skifte over til plast som transportemballasje i staden for papp er miljøvenleg. Det meiner Orkla Foods.

I fjor vart det produsert 37,5 millionar pizzaer på Svemorka i Stranda. No ønskjer Orkla Foods Norge å byte ut transportemballasjen frå papp til plast. Bilete frå arkivet.  Foto: Ingrida Deltuvaite

Nyhende

(Sunnmørsposten:) Det vil føre til 80 færre vogntog med emballasje inn til anlegget på Stranda kvart år, og 25 færre vogntog ut til grossist.

Det seier kommunikasjonsdirektør Dag Olav Stokken i Orkla Foods Norge.

– Er plast som emballasje miljøvennleg?

– Vi gjer faktisk denne endringa ut frå omsynet til miljøet.

Pizzafabrikken på Stranda skal ha ei gradvis omlegging til å nytte plast som fraktemballasje. Til no har dei pakka ti og ti pizzaer i pappesker.

Bilete av ein kval full av plast fekk nyleg stor merksemd. Det var eit skrekkeksempel på kva som kan skje når plast hamnar ute i naturen.

Men denne plasten skal ikkje ut i naturen, seier Stokken:

– Omlegginga vår fører ikkje til meir plast hos forbrukarane. Dette er transportemballasje som blir fjerna i butikkane. Pizzaen som ligg i frysedisken på butikken skal framleis ligge i ei pappeske.

– Og dette er vel overvege?

– Ja, det er det. Butikkane har svært gode ordningar for å samle inn plast, komprimere og sende den til attvinning. Den vil ikkje ende opp som plastavfall i naturen eller i havet, seier Stokken.

Reduserer emballasjevolumet

Han legg til at analysar viser at plast som materiale har sin styrke ved at den bidreg til å redusere emballasjevolumet og energibehovet, og dermed også klimagassutsleppa.

– Ein livsløpsanalyse viser at overgang til plast, i dette tilfellet krympefilm, som emballasje gir 20 prosent lågare klimapåverknad enn bruk av bølgepapp.

– Reknar du med at det vil kome negative reaksjonar på denne omlegginga?

– Det håpar eg at det ikkje gjer. Plast kan vere berekraftig når den blir brukt på riktig måte. Og i denne samanhengen er bruk av krympefilm eit betre materiale sett ut ifrå eit berekraftperspektiv enn å bruke bølgepapp.

Pizzafabrikken på Stranda produserte i fjor 37,5 millionar pizzaer, noko som svarar til ca. 750.000 pizzaer i veka. Alle blir sendt ut med vogntog, og marknaden er stort sett Norge.

– Både papp og plast krev ressursar for å bli produsert. Og plast kan ha sine fordelar. Men det er ein føresetnad at den blir samla inn og attvunnen, og ikkje kjem ut i naturen, seier Øystein Folden, leiar i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal, i ein kommentar.

Denne artikkelen blei først publisert av Sunnmørsposten.