Utmerkingar til handsaming i HOK

Kultur- og talentpris på sakslista

Helse-, oppvekst- og kulturutvalet (HOK) får tysdag to saker om utmerkingar i Stranda kommune til handsaming.

Petter Hjørungdal (Sp) fremja ein interpellasjon om heider til kulturarbeidarar og unge talent i Stranda kommune i kommunestyret i mars, og fekk med seg eit samrøystes kommunestyret på å be HOK legge fram ei sak om talent- og kulturpris.  Foto: Arkivfoto: Anniken Westad

Nyhende

Både kultur- og talentprisen kjem på sakskartet til HOK etter at Petter Hjørungdal (Sp) i februar fremja ein interpellasjon om saka til kommunestyret.

Kommunestyret gjorde 19. mars eit samrøystes vedtak der dei stilte seg bak interpellasjonen til Hjørungdal, og ba då HOK om å utarbeide sak med framlegg til reglement og statuttar.

Kulturpris

Kulturprisen for Stranda kommune er føreslått utdelt første gong i 2019, og beløpet som skal utdelast er føreslått på 10.000 kroner.

- Formålet med kulturprisen er å stimulere lag, grupper eller personar i arbeidet for utbreiing, utøving og organisering av ulike kulturaktivitetar i Stranda kommune, skriv rådmannen i tilrådinga til HOK.

Alle kan nominere kandidatar til kulturprisen, og frist for innsending av kandidatar blir sett til 1. oktober kvart år. Kulturprisen kan delast ut berre ein gong til same person, lag eller gruppe for same aktivitet.

- Det vert gjort mykje godt arbeid på kulturfeltet i Stranda kommune, og kulturprisen vil vere med på å stimulere lag, grupper eller einskilde personar i dette viktige arbeidet for trivsel og fellesskap, skriv rådmannen.

Talentpris

Stranda Energi AS ønsker å sponse ein talentpris blant barn og unge i Stranda kommune på 10.000 kroner årleg. Ønsket er å støtte barn og unge som utmerker seg med eit spesielt talent eller syner spesiell dugleik.

- For å bli kandidat må ein ha synt at ein fortener karakteristikken lovande innan sitt felt. Ein kan ikkje få prisen meir enn ein gong, og utøvaren bør vere under 20 år og bu eller vere oppvaksen i Stranda kommune, skriv rådmannen i tilrådinga til HOK.

HOK blir rådd til å setje ned ein komite som vurderar innkomne forslag. I tilrådinga blir det rådd til at alle fire bygdelag blir representerte i komiteen, samt leiar av HOK. Rådmannen rår til å få delegert mynde til utnemning av representantar frå bygdelaga til komiteen.

Frist for innmelding av kandidatar til talentprisen blir sett til 31. januar kvart år, og prisen gjeld då for året før.

- Det er svært positivt og gledeleg at Stranda energi vil vere med å sponse ein pris til unge talent innan kulturlivet i Stranda kommune, skriv rådmannen i si saksutgreiing.