Fv. 63 Geiranger-Langvatn

Open for trafikk

Geirangerfjellet opnar for trafikk onsdag 9. mai kl. 15.00.  Foto: Statens vegvesen

Nyhende

Fv. 63 mellom Geiranger og Langvatn vert opna for trafikk i morgon, onsdag, kl. 15.00. Det melder Statens vegvesen.

Ifølgje vegvesenet blir dette den nest tidligaste opninga i løpet av dei siste 10 åra (sjå faktaboks).


Opningstidspunkt for fv. 63 Geiranger- Langvatn:

2007: 22. mai

2008: 6. juni

2009: 20. mai

2010: 19. mai

2011: 13. mai

2012: 31. mai

2013: 14. mai

2014: 7. mai

2015: 13. mai

2016: 23. mai

2017: 26. mai

 

Strekninga har vore vinterstengt sidan midten av november.

– Det har eigentleg vore ein vinter der hard og tung snø har gitt oss utfordringar med fresinga. Men vi fekk god hjelp av mildvêret i april og gode vêrutsikter gjer at vi kan opne fjellet tidleg i år, fortel byggeleiar Kåre Berge.

På det høgste ligg vegen over 1 000 meter over havet, noko som gjer at det framleis kan kome snø og kulde. Dette inneber at vegen kan bli stengt på kort varsel om det ikkje er farbart for køyretøy på sommardekk, opplyser vegvesenet. Dei ber trafikantar om å halde seg oppdatert gjennom trafikkmeldingane.