Hærverk på bilar og gravemaskinhytte

Laurdag vart det oppdaga hærverk hjå Stranda Anleggsservice AS.  Foto: Hans Roar Emdal

Nyhende

Ein gong i tidsrommet frå onsdag kveld til laurdag har nokon gjort hærverk på Stranda Anleggsservice AS sitt område.

– Det vart oppdaga for ikkje så lange sidan. Då folk gjekk frå jobb på onsdag såg det ikkje sånn ut, fortel Hans Roar Emdal laurdag kveld.

To parkerte bilar og ei gravemaskinhytte har fått knust rutene og elles hard medfart.

– Massevis av rusk og bildelar er også kasta utover, seier Emdal.

Søndag fortel Emdal at hærverket er oppklart og vert rydda opp i.