Ta det roleg i sommar

EIGNE RUTER: For at fleire skal få oppleva kystfriluftslivet og gleda ved å ro og ferdast på sjøen, blir det no laga eigne ro- og padleruter. Rutene blir merkte med ulike fargar alt etter kor lette eller krevjande dei er.   Foto: Sveinung Uddu Ystad/NPK

Nyhende

– Tenk om det kunne vera like naturleg å seia at ein skal ro eller segla tradisjonsbåt i sommar som å fortelja at ein skal gå i fjellet, seier Mathilde Gabrielsen Vikene i Forbundet Kysten. No kan du leggja ut på eigne roruter med ulik vanskegrad.  

Gjennom Turskiltprosjektet ferdigstiller Forbundet Kysten og Norges Padleforbund i desse dagar ei oppskrift på å laga og merka ulike ro- og padleruter som er godkjende etter ein bestemt mal.

Dei godkjende rorutene finst førebels berre på Radøy i Hordaland og på Bragdøya i Vest-Agder, men målet er at det etter kvart skal koma liknande tilbod langs heile kysten.

Oppskrift og fargemerking

– Vi lagar no ei oppskrift for korleis ein skal gå fram for å laga rorutene. Håpet er at lokale kystlag og frivillige organisasjonar i samarbeid med kommunane vil bruka oppskrifta til å etablera eigne roruter, seier fagansvarleg Mathilde Gabrielsen Vikene.

Ho har hatt ansvar for å godkjenna rorutene saman med ein kollega i Padleforbundet. Det betyr mellom anna at dei har vurdert tryggleiken på kvar einskild rute.

Ut frå vurderinga har rutene fått ei gradering med ulike fargar etter kor vanskelege og krevjande dei er. Grøn er den lettaste, deretter følgjer blå, raud og svart løype.

– Prinsippet er det same som for slalåmløypene. Det er veldig overførbart og noko folk kjenner igjen, seier Gabrielsen Vikene.

Fargane skal vera ei støtte for folk til å forstå farvatnet dei ferdast i og til å ta dei rette avgjerdene. Grøn rute er til dømes ei lett rute som går innaskjers i roleg farvatn og som folk kan gjennomføra på eit par timar i godt vêr. Vel du derimot ei svart rorute, må du vera klar til å leggja ut på ein lengre og krevjande tur i open sjø med lite vern for vêr og vind.

Noko for alle

Forbundet Kysten har lagt mest vekt på dei lette rorutene og at folk skal oppleva gleda ved å koma ut på sjøen. Men det finst også meir utfordrande ruter for erfarne roarar.

Ungdom er ei prioritert målgruppe. I sommar blir det eigne campar på Sørlandet der ungdom i alderen 13–19 år får læra å ro og segla tradisjonsbåtar.

At folk kan kunsten å ro er nemleg ikkje lenger sjølvsagt.

– Viss ein tenkjer at det å ro er frustrerande, kipt og tungt er der kanskje fordi ein ikkje har fått lært det skikkeleg, seier Mathilde Gabrielsen Vikene.

Ho meiner difor det kan vera vel verdt å ta kontakt med folk som kan visa korleis det skal gjerast.

– Viss det er eit kystlag der du bur, vil du alltid finna folk som kan læra deg å ro. Då vil du få så utruleg mykje meir glede av det.

Det same gjeld båtar, meiner roentusiasten og peikar på at det er stor skilnad på å ro ei plastjolle og ein færing.

– Dei som vil ta det eit hakk vidare, kan også læra seg å segla. Då kan det brått bli ein actionfylt ferie. Så dette er verkeleg noko for alle.

Milliongåve og storsatsing

Det er derimot ikkje alle som har lommebok til å skaffa seg sin eigen trebåt. For at flest mogleg skal få oppleva gleda ved desse båtane, vil Forbundet Kysten leggja til rette for at folk skal få leiga eller låna slike båtar hjå dei lokale kystlaga.

Med ei gåve på 8 millionar kroner frå Sparebankstiftelsen DNB til bygging og bruk av tradisjonelle trebåtar håpar organisasjonen at fleire skal få oppleva kystfriluftslivet og gleda ved å ferdast i trebåt med årar og segl.

Tett på naturen

Mathilde Gabrielsen Vikene meiner det er mange fordelar med å ro. Ikkje minst synest ho den langsame måten å bevega seg på er ein fin måte å oppleva naturen og landskapet på.

– Å ro har det til felles med padling at du kjem veldig nært vatnet. Det å bevega seg utan motor har også ei meditativ side der vi blir meir merksame på stilla og ting rundt oss, meiner ho.

Ho peikar mellom anna på at vi ved å ro kan koma nært innpå dyreliv, sel og fuglar. Samtidig meiner ho det kan vera ei sterk oppleving å koma til aude bukter og vikar fulle av plast.

– Kanskje kan det få folk til å sjå verdien av slik natur og kor viktig det er å ta vare på, seier ho.

Mosjon, miljø og fellesskap blir også trekt fram på plussida.

Drøymer om øyhopping i Noreg

Det aller beste er å ro og segla saman med andre, meiner Mathilde Gabrielsen Vikene. På same måten som folk snakkar om øyhopping i Middelhavet, drøymer ho om å få til øyhopping med tradisjonsbåtar i den norske skjergarden.

Sjølv er ho eit levande eksempel på at det er fullt mogleg å få oppfylt draumen om å ferdast på sjøen utan eigen båt. Saman med fleire andre ror og seglar ho kvar sommar frå øy til øy på Sørlandet.

– Det å ro og segla i desse færingane saman med andre, gå i land på ei ny øy kvar dag, stoppa og eta lunsj på ein holme, utforska ein stad du aldri har vore før, fiska makrell og brenna bål om kvelden, er heilt magisk, seier ho.

Draumen hennar er at det skal finnast båtar tilgjengeleg for alle som ønskjer å koma seg på sjøen.

– Kanskje kan ein få til deleringar for båtar på same måten som for bilar.

(©NPK)