Død person funne i fjøra

- Ei tragisk ulukke

Personen som vart funne i fjøra nord for Stranda tettstad søndag kveld, var brite.

  Foto: Illustrasjonsbilete frå arkiv.

Nyhende

- Den avdøde er ein mann på 25 frå Storbritannia. Han var åleine, og hendinga framstår som ei tragisk ulukke, skriv Møre og Romsdal politidistrikt i eit Twittermelding måndag morgon klokka 0630.

Vedkommande vart funne på grensa mellom Stordal og Stranda, opplyser politiet.

Dei pårørande til mannen er varsla.