Politiet:

Øving på utrykkingskøyretøy

  Foto: Arkivfoto

Nyhende

I dag har politiet i Møre og Romsdal øving på utrykkingskøyretøy.

– Det vert litt blålys rundt om, seier Leif Arne Mork på politiet sin operasjonssentral.

Han fortel at det er snakk om ei regodkjenning. Kvart femte år må utrykkingsførarane gjennom denne prøva.

– Dei vil halde på heile dagen, i alle fall til utpå ettermiddagen, seier Mork.

Øvinga vil i hovudsak gå føre seg rundt dei største byane, Ålesund, Molde og Kristiansund, men kan òg bli å sjå andre stader i fylket.

– Dei er ikkje i området rundt Stranda no i alle fall, men kor dei vel å køyre veit vi ikkje, opplyser Mork.